Startsiden  Oldedalenkart  OvernattingBedrifter  Båt på Vatnet    Briksdalsbreen

Velkomne til Oldedalen !

   


Frå Norskehavet sør om Stad strekkjer Nordfjorden seg
inn i landet og deler seg i tre greiner inst under brefjella
i Jotunheimen. Oldedalen som strekkjer seg 20 km innover
i fjellheimen, er ei forlenging av den sørlegaste av
desse fjordarmane. Omkransa av stupbratte fjellsider,
kvite fossefall og glitrande isbrear, blinkar det langstrakte
Oldevatnet i dalbotnen og speglar av ein natur som av
mange er omtalt som Noregs vakraste.
Overklasseturistar, særleg frå England, fann tidleg vegen
til Olden. Alt på 1800-talet la dei vakre turistskipa seg i
fjorden og frakta sitt celebre reisefylgje til lands, og inn
til det store trekkplasteret: Briksdalsbreen inst i tverrdalen
Briksdal. Vegen hit inn er ei oppleving i seg sjølv;
du passerar fleire fantastiske fossefall og brearmar av
Jostedalsbreen, mellom anna Brenndalsbreen, og Melkevollbreen
som ligg til endes for øvste Oldevatnet.
I dag har bøndene i dalen utvikla eit reiselivstilbod du
knapt finn maken til nokon stad. På fleire velstelte campingplassar
og vakre gardstun kan du smake på norsk
tradisjonsmat, prøve deg som bonde med langorv og
rive, bli med på bre- og fjellvandring, oppleve spaninga
med buldring, delta i raftingflåte på Briksdalsvatnet, ta
deg ut i aktivitetsparkar - eller kva med ein rotur med
fiskestang på Oldevatnet? Eller nyte naturen frå dekkssalongen om
bord i MB ”Olden”?
På disse sidene vil du finne informasjon om båtskyss på
Oldevatnet, Trollbil-transport til Briksdalsbreen, campingplassane
frå Sunde og inn til Briksdalen, samt stadar
som er tilrettelagt med aktivitetar, fisking, opplevingar og
gardsbesøk. Stadane som er med i guiden finn du på
kartet . Vi ynskjer deg velkomen til noko av det
beste norsk reiseliv har å tilby.