|
Jostedalsbreen er den
største isbreen på det europeiske
fastlandet, men Jostedalsbreen Nasjonalpark
har òg mange andre store og mindre brear. Isbreane
er
naturlaboratorium, særleg for klimaendringar,
geologi
og vegetasjon/planteliv. Brerørslene er med på å
stadig
endre landskapet i parken. Smeltevatn frå isbreane
renn saman og samlar seg i breelvar som fossar i
kåte
kast nedetter bratte fjellsider mot vatn og sjø -
ein av
dei unike kvalitetane ved Jostedalsbreen
Nasjonalpark.
Nasjonalparken varierer frå frodige dalar til alpine
fjell
og arktisk klima. Kjernen av nasjonalparken er urørd
natur som berre kan nåast til fots. Inn mot breane
er eit
interessant kulturlandskap, framleis i bruk til
landbruk
og beiting. Noko av det mest spesielle med
Jostedalsbreen
i gamle dagar, var slektskapet og samhaldet mellom
bygdene på kvar side av breen. Dei gamle
ferdselsvegane
kryssa breen.
7 kommunar har område i nasjonalparken, som ligg
mellom to av dei lengste fjordane i verda,
Sognefjorden
og Nordfjorden. Jostedalsbreen Nasjonalpark vart
oppretta
i 1991 og dekkjer eit område på 1310 km2.
Dei reisande som vitjar Briksdalsbreen får kjøpe eit
offisielt
bevis/sertifikat som synar at dei har besøkt ein av
Noregs mest attraktive nasjonalparkar. Dette
eksklusive
sertifikatet er utarbeidt i samråd med
Nasjonalparkmyndigheitene,
og vert berre selt ved innfallsporten
til Nasjonalparken. Samstundes med at ein får eit
fint
minne frå turen, går ein viss prosent av salssummen
til arbeid med utvikling og tilrettelegging av
Nasjonalparken.
Sertifikatet få du kjøpt på alle turiststadar i
Oldedalen.
|


|