Startsiden  Oldedalenkart  OvernattingBedrifter  Båt på Vatnet    Briksdalsbreen

 

Campingplasser:

Oldevatn
Gryta
Olden
Melkevoll

Servering:

Trollbu
Briksdal
Yrineset
 

   

Melkevoll Bretun

 

Øvst i Oldedalen, i svingen som tek deg opp siste kneika til Briksdal, ligg Melkevoll Bretun. Her er campingplass med oppstillingsplasser for campingvogner, bubilar og telt i tillegg til utleige av hytter, og parkeringsplassar for dagsbesøkande til Briksdalsbreen.
Terrenget på sjølve plassen er utforma etter ein ”land art”-ide der naturen sjølv har stått modell. På bretunet finn ein òg eit av landets beste buldre-/klatrefelt. Og ikkje minst: I den store steinura finn du kopi av ein steinalderbustad, den såkalla ”steinalderhola”. Her tek vi imot grupper på inntil 50 personar.
 For grupper tilbyr vi natur- og kulturguiding.
Utsiktskvalitetane er svært spesielle: I aust
lyser Briksdalsbreen, i syd Melkevollbreen, i vest buldrar Volefossen nedetter fjellsida og mot nord har ein utsikt over vakre Oldedalen og Oldevatnet. Melkevoll Bretun ligg like ved grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark og er utgangspunkt for mange merka turstiar i nasjonalparken.
I resepsjonen møter du guidane frå Olden Aktiv. Dei tek deg med på guida blåistur på Brenndalsbreen eller andre fjell- og breturar i nasjonalparken.
 





 

Kontakt:


 


Melkevoll Bretun
NO-6792 Briksdalsbre
Tel. +47 57 87 38 64
Mob. +47 91 31 98 32
post@melkevoll.no
www.melkevoll.no